Hopp til innhold

- Sitkagrana må bli svartelista

Viss ikkje kan vestlandsk kystnatur forsvinne fryktar biolog.

Sitkagrana på Lerkehaugen på Kviltorp i Molde

Grantypen sitkagran må vekk meiner biolog. Her er ei stor sitkagran på Lerkehaugen på Kviltorp i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Biolog og dagleg leiar Rune Aanderaad i samarbeidsrådet for biologisk mangfald meiner sitkagrana tek over norsk natur og vil ha den vekk.

- Den skuggar og vert for høg

Solund er ein av stadane der sitkagrana no her blitt eit problem, og heller ikkje leiar for plan og utvikling, Tor Arne Hauge er spesielt begeistra.

- Etterkvart som den veks til er det mange plassar som vert for høg. Den skuggar og tar utsikt og nokre plassar veks den innover husa, seier Hauge.

Som andre stadar på Vestlandskysten vart den nordamerikanske grantypen planta i tiåra etter krigen. Men no er det nok, meiner Rune Aanderaad.

- Ingenting att av norsk natur under

- Den tek fullstendig over norsk natur der den kjem. Sitkagrana har den evna at den kan spire i skuggefulle miljø, altså under dei trea som står der frå før.

- Dette tette teppet av småplantar veks seg til slutt høgare enn alle norske treslag. Då seier det seg sjølv at det ikkje er noko att av norsk natur under dette teppet, forklarar Aanderaad.

- Kan ha negativ innverknad

Sitkagrana har fått sitt eige forskingsprogram. Biolog og doktorgradsstipendiat Heidi Saure, er ei av dei som skal sjå nærmare på denne typen gran.

- Hypotesen vår er at sitkagran kan ha ein negativ innverknad for artsmangfald i dei områda der den spreier seg, seier Saure.

For tidleg å konkludere

Ho meiner det er for tidleg å konkludere om kor stor trugselen er. Biologen meiner det er viktig å sjå i eit lengre perspektiv, men seier likevel at grana utan tvil har innverknad.

- Den vil kunne skugge ut planter og vidare vil den kunne påverke jordsmonnet. Så på den måten reknar vi med at sitkagrana kan påverke artsmangfaldet i ei negativ retning.

- Sitkagrana er ein trugsel

Om ikkje noko vert gjort meiner Rune Aanderaad at konsekvensane kan verte store.

- Den verste konsekvensen kan vere at vi taper mykje av det biologiske mangfaldet. Det er heile verda einige om at vi ikkje skal. I Noreg er det sitkagrana som er ein av dei store trugslane mot dette mangfaldet, forklarar Aanderaad.

- Nødvendig med gjennomgang

- For det første må vi slutte å plante ut fleire sitkagranplantasjer. For det andre må vi ha ein gjennomgang av korleis vi best kan få fjerna den, seier Aanderaad.

Og i Solund håpar også Tor Arne Hauge at noko skjer.

- Vi håpar det skjer noko både med omsyn til folk og det biologiske mangfaldet. Kanskje må ein i enkelte områder ta den vekk slik at den ikkje spreier eg meir.