NRK Meny
Normal

- SFT svikta oss

SFT har visst kor giftig Sløvåg-gifta var sidan starten av året utan å gje beskjed.

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: at Asbjørn Refsdal

Les og: Stadig fleire sjuke i Gulen

Les og: Oljeslammet var svært giftig

Les og: Kan få fem års fengsel

- Det er horribelt. Dei burde vore ute med ein gong og ikkje kome dinglande i ettertid, seier Jon Ivar Steine. Han er ein av mange innbyggjarar som reagerer på at SFT venta nesten eit halvt år med å stadfeste det dei hadde mistanke om:

Drap 14 menneske

Etterforskinga til Økokrim har avdekt at oljeslammet i dei to tankane som eksploderte i Gulen i fjor er av same type som tok livet av minst 14 menneske i Elfenbeinskysten.

Denne informasjonen har Statens forureiningstilsyn hatt lenge, fortel seksjonsleiar Harald Sørby.

- Den fekk vi starten av året.

- Det er ganske mange månader sidan starten av året no?

- Ja, men vi har også meldt dette til politiet. Det er ein måte for SFT å markere at vi ser alvorleg på dette, seier han.

- Ille

Det er ikkje godt nok, meiner Jon Ivar Steine. Etter Vest Tank-ulukka slit mange framleis med helseplagar. Då er det viktig at ALL informasjon kjem fram, seier han:

- Spesielt når det er snakk om giftig avfall som det ikkje er bra å puste inn.

Også ordførar Trude Brosvik i Gulen er skuffa over SFT.

- Det er ille at dette er noko staten har visst om i lang tid før dei gir det vidare til kommunehelsetenesta. Det er ekstremt at opplysningar som har betydning for folk si helse blir kjende, seier Brosvik.

Ikkje nærkontakt

Sørby i SFT understrekar at dei som omkom i Elfenbeinskysten kom i nærkontakt med oljeslammet, mens i Gulen brann det meste av gifta opp då tankane eksploderte. Han meiner folk ikkje trengde å vite at det same stoffe drap menneske i Elfenbeinskysten..

- Det som har vore viktig for oss er at innbyggjarane i Gulen har fått vite kva som var i tankane til Vest Tank – i Gulen, seier Harald Sørby.

Vegopning på Bergum i Førde kommune