NRK Meny
Normal

- Ser verre ut enn eg hadde trudd

29 personar er evakuerte og 41 er isolerte etter flaumen i Lærdal. – Vi har ein god del utfordringar frå klokka 08 og utover, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Innbyggjarane i Lærdal kan etterkvart ta skadane etter herjingane i augesyn.

SKADAR: Etter kvart som dagen kryr kan innbyggjarane i Lærdal sjå nærare på skadane. Tysdag stod vatnet høgt oppe på den raude garasjen.

Foto: Jan Christian Jerving

Like før klokka 9 har kommunen vore på si første synfaring i dei hardast råka områda.

– Det ser verre ut enkelte stader enn eg hadde trudd. Det er store masser som er grevne ut på utenkjelege stader. Vi har mykje oppryddingsarbeid føre oss, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Situasjonen vart dramatisk då Lærdalselvi og fleire sideelvar vaks langt utover breiddene sine tysdag.

Framleis uavklart for evakuerte

I alt 29 personar vart evakuerte frå heimane sine. I tillegg er 41 personar utan vegsamband.

Ordførar Jan Geir Solheim

UTFORDRINGAR: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier kommunen står framfor store utfordringar i morgontimane.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi set no kriseleiing att, og skal jobbe med å finne løysingar, seier Solheim til NRK.no.

– Kva blir første prioritet når de set kriseleiing?

– Det blir først og fremst å vurdere husa som er evakuerte, om bebuarane får flytte heim att. Dei må om mogleg få reise heim og hente ting. Så må vi få drift i kommunen att, born skal til skulen og så må vi få vurdert dei usikre vegsambanda, særskilt til Erdalen.

Det er også fleire husstandar som er utan straum. Lærdal Energi arbeider med å få løyst problema.

Dobbelt så mykje vatn

Det er først når det blir dagslys at ordføraren vert klar over skadane. Han veit det har gått mange ras i bygda, men kor store og kor mange er uråd å seie.

Det viser seg også at elvene har halde høgare vasstand enn det ein trudde.

– Vi gjekk ut frå vassmålinga på Ljøsne, men her har det skjedd ein feil. Den ligg konstant på 100 kubikk, og elva har truleg vore på det doble. Vassmålaren på Sælthun viser 87 kubikk no, så vi kan med visse slå fast at elva har gått ned att, seier ordføraren.

(Saka held fram under bilete)

Vegsperring i Lærdal.

DRAMATISK: Frivillige har i natt sete vakt fleire stader i Lærdal kommune. I alt 70 personar er råka av flaumen.

Foto: Jan Christian Jerving

Når dei har fått sett på skadane i morgontimane, er det tydeleg at vasstanden har gått ned, men fleire stader står vatn oppdemt.

– Fjorden er heilt brun, og det flyt også med drivved i heile fjordbassenget, fortel ordføraren.

Tredje krisa på tre år

Innbyggjarane mellom Tønjum og Bøe mista straumen då eit jord- og steinras tok med seg ein stolpe. Under reparasjonsarbeidet oppstod det kortslutning.

– Der vil e-verket reise opp når det blir lyst, for å sjå om det er forsvarleg å jobbe, seier Solheim som har vanskar med å tru dramatikken som kommunen igjen har opplevd.

– Vi har hatt uvêret «Dagmar», storbrannen og no flaum. Det er nesten ikkje til å tru at vi skal oppleve tre slike hendingar på tre år, seier han.

– Vi er veldig heldige som har god kriseleiing i kommunen. Vi har god oppfølging frå etatar og ein god del frivillige som melder seg. I natt har fleire frivillige halde vakt sju stader, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune