I går høyrde vi at kreftpasientar som velgjer store sjukehus framfor mindre har større sjanse for å overleve etter operasjonar. Men Førde Sentralsjukehus har tvert om veldig gode resultat i nasjonal samanheng, seier Sletteskog.
Låg tilbakefallsfrekves
I ti år har kreftregisteret samla særs nøyaktige tal for denne krefttypen i Norge. Men Sletteskog meiner det er urettferdig at ein no kan få inntrykk av at Førde er eit av sjukehusa som er dårlege på denne behandlinga. I ein artikkel i Dagens Medisin for eit par år sidan stod det at Regionsjukehuset i Trondheim og Førde Sentralsjukehuset låg heilt på topp når det gjaldt resultat av denne typen behandling.
Den gang var den lokale tilbakefallsfrekvensen godt under fem prosent. Det overordna nasjonale mål er å kome under 10 prosent. Før registreringa tok til i 1994 låg tilbakefallsfrekvensen på over 30 prosent ved dei fleste norske sjukehus.
- Kirurgane har mykje å seie
Men Sletteskog meiner ein ikkje berre må sjå på sjukehusa når ein skal få ut kven som har gode resultat. - Det er ingen tvil om at det som har mest å seie for korleis det går med den enkelte pasient er kompetansen og interessa den enkelte kirurg har. Og det er det som skjer under sjølve operasjonen som er det heilt avgjerande, seier han.
- Må ta ansvar sjølv
I går sa opposisjonen på Stortinget at dei ville ha offentlege tal på kva sjukehus som kjem dårleg ut i behandlinga av endetarmskreft. Men Sletteskog meiner sjukehusa sjølve har eit ansvar. - Dei 10 siste åra har alle sjukehus fått jamleg tilbakemelding på eigne resultat. Og viss nokon framleis har resultat som er dårlegare enn det dei bør vere, må dei gå i seg sjølv og sjå kva som er årsaka til dette, seier avdelingssjefen.