Hopp til innhold

- Sensuren må kvalitetssikrast

- Departementet må no syte for betre kvalitetsikring av sensuren i den vidaregåande skulen, meiner rektor Grethe Øren ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

I vår fekk 60 prosent av elevane i ein klasse ved skulen hennar forbetra karakterane etter å ha klaga på sensuren, enkelte med to karakterar.

 

For då elevane ved Hafstad vidaregåande skule fekk karakterane etter sidemålseksamen i vår var karakterane så dårlege samanlikna med eksamenskarakterane i hovudmål, at skulen oppmoda dei om å klage, og det skulle syne seg å vere fornuftig.

Øren er også svært skeptisk til måten klagene blir handsama på. Særleg det faktum at dei som står for omsensuren kjenner til karakterane som først blei gitt.