Mikalsen i Arbeidstilsynet seier det må få konsekvensar når ikkje tryggingsreglane vert følgde. I industrien har slike reglar vore praktisert lenge, og vore effektive.
Skadd etter fall
I går ramla ein 26 år gamal mann ned frå eit tak i Førde, men til alt hell overlevde mannen. Han ligg framleis på intensiv-avdelinga på Haukeland Universitetssykehus og tilstanden vert karakterisert som alvorleg, men stabil. Mikalsen i Arbeidstilsynet kjem no til å sende ut pålegg både til arbeidsgjevar og selskapet som hadde hovudansvaret på byggeplassen.
Seriøse og cowboyar
Mikalsen understrekar at det i byggebransjen er mange store selskap som er seriøse og har lang erfaring. Men han seier likevel det er for mange cowboyar i bransjen.