NRK Meny
Normal

- Sanselaust gnål om vegstandard

- Sanselaust gnål, kallar Hyllestad-ordførar Harry Mowatt klagene over dårleg vegstandard i sommar. I ei støtteerklæring til samferdsleminister Liv Signe Navarsete på Nettavisen tysdag skreiv Ap-ordføraren at han tykkjer vegstandarden i landet er god.

Harry Mowatt
Foto: NRK

Det får KrF-politikar og forkjempar for utbetring av riksveg 60 mellom Olden og Innvik, Johanna Nygjerd, til å regarere.

- Det er veldig skuffande at ein topp-politikar som Harry Mowatt frå vårt fylke kan seie at det vi driv med er sanelaust gnål.

- Set sytekoppane på plass

Det var i samband med eit nettmøte med samferdsleminister Liv Signe Navarsete på Nettavisen.no i går Harry Mowatt kom med utsegnene som får Nygjerd til å reagere. Mowatt skriv i eit innlegg at Navarsete ikkje må la seg presse av alt det sanselause gnålet om betre vegar i sommar. Han ber ho sette sytekoppane på plass og heller vise til den kraftige stadarhevinga som har vore på norske vegar dei siste 20 åra.

- Slag i ansiktet 

Olden-Innvik
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Vi skal gjerne innrømme at det er mange vegar som er blitt bra, men her i fylket har vi veldig mange dårlege vegar, og riksveg 60 Olden - Innvik er kanskje den dårlegaste riksvegstrekninga i heile landet når vi ser på trafikkmengda. Det er rett og slett eit slag i ansiktet å bli karakterisert på denne måten av Mowatt.

- Ikkje sanselaust gnål om Olden-Innvik

- Når eg har brukt uttrykket sanselaust gnål om ting som har vore sagt i sommar, så tenkjer eg først og fremst på utsegner som at vi har eit vedlikehaldsbehov på 600-700 milliardar kroner, og der nokon ser ut til å meine at Regjeringa skal stille opp med slike summar med ein gong. Dette er meir enn eit statsbudsjett og det overstig verdien på heile vegkapitalen. Det er slikt eg tenkjer på når eg snakkar om sanselaust gnål, seier Harry Mowatt.

- Men forstår du at folk som kjempar for ein vegstrekning kjenner seg trefte av ein slik kritikk.

- Bra med Soria Moria

- Nei, det forstår eg ikkje i det heile. Det eg har rådd samferdsleministeren til i den vesle passusen min er å oppfylle lovnadene i Soria Moria-erklæringa. I så fall vil det vere eit ganske godt vegløft, som også Olden - Innvik vil merke i løpet av tiårsperioden, for det er innanfor den perioden dei har fått prioritet.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.