Hopp til innhold

- Sandal lurte veljarane

- Ap-politikar Reidar Sandal må orsake at han bløffa veljarane i valkampen. Det krev fleire opposisjonspolitikarar i Sogn og Fjordane.

Reidar Sandal
Foto: NRK

I valkampen lova Sandal at Arbeidarpartiet skulle vere knalltøffe mot Hydro dersom dei kom i regjering.

Men tysdag sa næringsminister Odd Eriksen at Regjeringa ikkje vil gripe inn og redde arbeidsplassane ved metallverka i Årdal og Høyanger.

- Lureri

 - Dette er reint lureri, meiner stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Åge Starheim.

- Folk trudde på dei, og AP fekk inn to representantar på Stortinget som er valde inn på totalt feil grunnlag, seier Starheim.

 - Løftebrot

I valkampen truga Sandal med å nekte Hydro oljekonsesjonar i Nordsjøen dersom dei ikkje ville berge industriarbeidsplassar i Høyanger og Årdal.

- Dette er eit klart løftebrot, seier første nestleiar i KrF Sogn og Fjordane, Trude Brosvik. Ho meiner òg at Sandal må be AP-veljarane om orsaking.