– Mange vil jo gjerne gå ned, eller ikkje gå opp i vekt, men får det ikkje til. Mange vil seie det er mangel på viljestyrke og kunnskap. Men mange pasientar får det ikkje til, sjølv om dei har både kunnskap og vilje, seier John Roger Andersen.
Han er initiativtakar til fedmekonferansen som blir arrangert i Balestrand, for andre gong. Det er dobbelt så mange som er feite no som i 1980, og pilene går berre ein veg. Kvifor det er slik har nokre av verdas fremste ekspertar samla seg for å diskutere. Bodskapen deira er enkel, det er ikkje din feil om du er feit.
Genane vil ha mat
– Det er mykje lettare å skulde på den enkelte, og seie at det er di skuld, men det blir feil. Det å legge på seg er ein naturleg reaksjon på tilgangen til mat vi har i samfunnet, seier direktør i Helsedirektoratet, Knut-Inge Klepp.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Omtrent halvparten av alle vaksne i Norge er overvektige, og ein av fem er det ein kan kalle feite. På verdsbasis er to milliardar menneske overvektige. 500 millionar har fedme. Det er eit av helseproblema som kostar samfunnet mest.
Andersen, som også er førsteamanuensis i sjukepleie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner det ligg nedarva i menneska å ynskje meir mat.
– Gjennom evolusjonen er den som har klart å bevare kroppsvekta si, ved å lagre mest mogleg feitt til dårlege tider, som har hatt best appetitt og hatt størst moglegheit til å få tak i mat, som har overlevd. Dei genane har vi framleis, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Medan det kan verke som lite har påverka genane gjennom historia, har samfunnet vore i ei rivande utvikling.
– Når du er i eit miljø der det er så lett å få tak i mat at ein slepp å jobbe for det, så får vi dei problema vi har i dag. Dermed er det miljøet som er årsaka, ikkje individet, forklarar forskaren.
Må endre måten vi tenkjer kring problemet
Å førebygge fedme og overvekt er vanskeleg, og det er ikkje beint fram å finne løysinga på problemet. Den anerkjende professoren, Harry Rutter, som er professor ved universitetet i Oxford, meiner måten ein tenkjer på fedme og overvekt må endrast for å skape endring.
– Klarer vi ikkje å endre måten vi tenkjer og omtalar problemet på, så klarer vi heller ikkje å finne tiltak som gjer skilnad.
Problemet med fedme råkar heile befolkninga, og ikkje berre nokon få.
– Mange av fedmeforskarane som er her er litt småtjukke og litt overvektige. Nokon er meir utsette for det enn andre. Det vi ser på som fedme i dag, såg vi på som kjempefedme for nokre år sidan. Samfunnet endrar seg, og vi blir alle meir overvektige.