NRK Meny
Normal

- Såg onkelen var likbleik, då skjøna han alvoret

Tolv personar er evakuerte i Lærdal på grunn av fleire småelvar som har gått over breiddene sine. Lasse Hyenes Lysne er ein av dei som måtte sleppe det han hadde i henda og kome seg av garde.

Elva Teigjeli har gått over breiddene

EVAKUERTE: Fleire personar er evakuerte etter at fleire elvar i Lærdal gjekk over sine breidder.

Foto: Jan Christian Jerving

– Elvebreidda kom plutseleg over og i løpet av kort tid vart vi sende av garde. Eg gjekk opp til onkelen min, og då eg såg at han var likbleik skjøna eg at det var alvorleg, seier Lasse Hyenes Lysne.

Han er ein av dei tolv som no er evakuerte frå området kring Ljøsne i Lærdal. I Erdal er ein familie flytta ut, og om lag 31 personar manglar vegsamband. Mellom Erdal og Vindedal manglar 13 personar vegsamband.

Mange av sideelvane i Lærdal har gått over sine breidder, og det er fare for at vassmengdene skal ta bruer og hus. Det er også høg vassføring i Erdalsvassdraget.

– Eg var ikkje redd, men plutseleg måte vi berre reise, fortel Lysne.

Då han forlèt huset i ettermiddag stod vatnet over trappa på huset.

– Eg reknar med at kjellaren er full av vatn, men eg håpar det ikkje stig den siste halvmeteren opp, seier Lysne.

Elvene som truar Lærdal er Nivla, Senda, Kuvelda og Teiggjeli. Kommunen opplyser på sine nettsider at politiet har vore i kontakt med Røde Kors, og at desse bemannar opp lokalt.

Like før klokka 21 er fleire vegar i området stengde:

  • E16 ved Voll bru
  • Erdal – Vindedal
  • Erdal – Kvigno
  • Fylkesveg 274 frå Tønjum til Mo bru
Lærdal kommune er i full gang med å evakuere innbyggjarar. Fleire elvar har vakse over breiddene.

Vart henta ut av ordføraren

Også ei husdyrbesetning er truga av vatnet, og dyra er sleppte ut og går på frimark, opplyser Lærdal kommune i ei pressemelding.

Dei evakuerte er sende til Ljøsne skule. Ein av dei som har fått mellombels opphald på skulen er Magnus Midtvoll.

– Det var ikkje så gale, så lenge husa står, så går det. Elva er bratt, og den er ikkje god å ha med å gjere om ho blir demd opp, seier Midtvoll.

Han var sjølv ikkje klar over kor dramatisk situasjonen var før ordføraren stod på døra og bad han kome seg av garde.

– Ordføraren sa eg skulle kome meg ut straks. Eg er sikker på at det skal gå bra, så lenge det sluttar å regne og vatnet går ned, seier Midtvoll.

NVE varslar at nedbøren vil minke utover kvelden, temperaturen går ned og det er forventa at vasstanden vil minke.

Vegopning på Bergum i Førde kommune