Hopp til innhold

- Sabotasje frå tilsette å seie opp

Rådmannen i Vik er ikkje nådig når han snakkar om sju tilsette som har sagt opp stillingane sine i brannvesenet etter kutt.

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

SABOTASJE: Rådmann Oddbjørn Ese kalllar oppseiingane til tilsette i brannkorpset for ein sabotasje.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Det er all grunn til å reagere på det eg meiner er tendensiøs, ufullstendig og failaktig informasjon, seier rådmann i Vik, Oddbjørn Ese til Sogn avis.

Sju av seksten sa opp
Vik

SA OPP: Sju tilsette i Sogn brann og beredskap sa opp stillingane sine i Vik.

Foto: Bjørn Sæbø

Avisa fortalde i førre veke om at sju av seksten brannmenn i Sogn brann og redning sa opp samstundes på grunn av ei ny vaktordning kommunen vil innføre.

Frå 1.mai vert ordninga med frie personar på vakt i helgene redusert til beredskap på eitt befal og ein sjåfør. Resten baserer seg på frivillig arbeid.

- Vi kan ikkje vere med på ein brannberedskap som baserer seg på dugnad og som kan gå utover tryggleiken, seier Jarle Christensen i brannvesenet.

Vil ikkje vere passiv tilskodar

I dag laurdag seier rådmannen til avisa at det var hans plikt som rådmann å gjennomføre vedtaket dei tilsette reagerte på.

- Eg kan ikkje sitje passiv og sjå på det som skjer, seier Ese om uttalelsane til Christensen.

Vik kommunen vil spare 400 000 kroner på kutta, og rådmannen seier til avisa at den vedtekne beredskapen vil vere innanfom minumumskrava i brannlova.

Vil vere innanfor minimumskravet

Marta Finden Halset

TRYGG: Ordførar Marta Finden Halset er trygg på at kommunen har fatta eit godt vedtak.

Foto: Vik kommune

Han viser også til at tidlegare brannsjef i Sogn brann og redning, Hans Morten Blikseth, har forsikra kommunen om at dei vil halde seg innanfor behovet for beredskap også etter at kutta er gjennomførte.

- Vi må ta med oss at beredskapen i helgane vil vere lik beredskapen elles i veka, seier Ese.

Også ordførar i kommunen, Marta Finden Halset, kjenner seg trygg på at beredskapen i Vik vil vere god også etter kutta.

Ordføraren støttar Ese

- Vi gjorde eit forsvarleg vedtak, seier ho til avisa.

På spørsmål frå avisa om Finden Halset vil kjenne seg trygg om det skulle oppstå brann i helga, og det berre er to på vakt, svarar ho slik:

- Eg vil føle meg like trygg som elles i veka. Kanskje kjem ikkje nokon i det heile på grunn av ras på fjordvegen.