Han seier han er kontakta av fleire som opplever eit manglande ettervern etter institusjonsopphald.
- Det er folk som har vore på institusjon og som har fått eit betre liv. Når dei kjem tilbake til Vågsøy så opplever dei å ikkje få hjelp. Resultatet er at dei anten hamnar på institusjon på nytt eller at dei byrjar med rusmiddel igjen, seier Hopland som fryktar konsekvensane av manglande hjelpetiltak.
Kritikk i fjor
I 2004 vart Vågsøy kommune kontrollert av Fylksmannen i samband med eit nasjonalt tilsyn av tenestetilbodet for rusmiddelbrukarar. Her fekk kommunen mellom anna kritikk fordi dei mangla eit system for oppfølging og tilrettelegging av nødvendig tiltak etter avslutta rusopphald.
- Vi har tilbod
Tenesteleiar for familie og helse i Vågsøy, Ragnhild Holm, seier kritikken er beklageleg. Men ho hevdar likevel dei har eit hjelpeapparat som dekker behovet.
- Vi har eitapparat som skal ta hand om denne gruppa. Dei som føler at dei ikkje er fanga opp må kontakte oss.
- Har de ordna opp i dei forholda som fylkesmannen peika på i fjor?
- Det er under arbeid, seier ho.