Glopperock-arrangørane har klaga på at Kulturavdelinga i Fylkeskommunen nekta å tildele dei såkalla "utviklingsmidlar" til årets festival. Pressesjef i Glopperock, Øystein Fosstvedt, meiner fylkeskommunen behandlar festivalane i fylket ulikt, og at rock ikkje vert teke seriøst på same måte som til dømes country, opera og folkemusikk.
- Klart vi støttar rock
Fylkesdirektør for kultur, Lidvin Osland, avviser at dei ikkje støttar rock.
- Vi gir dei jo over 30.000 kroner, og det er slett ikkje dårleg.
Osland understrekar at det også finst andre som no har teke til å arbeide med rock, til dømes Bremangerrock, og at rock ikkje er ei ukjend kunstform her i fylket.
- Eg ynskjer Glopperock attende og håpar at dei kan vekse seg kraftige og sterke og bli eit positivt tiltak. Viss eg skal gi dei eit råd, så må Glopperock bli flinkare til å skape eit lokalt rotfeste, for det må vere utgangspunktet for eit sterkt Glopperock i framtida, seier Osland.