Hopp til innhold

- Riv skywalken

Varaordførar Norvall Nøringset (SV) vil rive den omstridde gangbrua mellom den nye og gamle delen av Handelshuset i Førde. 

 

Norvall Nøringset
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Striden kring den såkalla skywalken, eller gangbrua, mellom to av handelshusa i Førde toppa seg nyleg. Politikarane rasar nemleg etter at eigaren har sett opp ei gangbru med ei anna utforming enn det som var gjeve løyve til.

- Politikarane er lurte

- Det går ikkje an å godta at dei skal drive på denne måten. Her var det eit godkjent prosjekt, utifrå ein arkitektkonkurranse. Brua vart framstilt som eit spesielt og originalt kunstverk, og så kjem dei tilbake med eit enkelt og fabrikkprodusert verk. Det held ikkje mål å lure politikarane på denne måten, seier varaordførar i Førde, Norvall Nøringset (SV). 

 - Har teke seg til rette

Formannskapet i Førde vart orienterte om saka torsdag. Og på møtet gav politikarane uttrykk for sterk frustrasjon over Qvam AS som står for utbygginga. Nøringset meiner det er svært alvorleg at eit selskapet har gjort endringar som ikkje er godkjende av kommunen på førehand. 

Skywalken i Førde

- Då dei tydelegivs her har visst at det kom til å verte endringar, og likevel set opp brua, blir eg forundra over at det går an, seier varaordføraren. 

- Må sjølve ta affære

No meiner Nøringset det einaste alternativet er er at selskapet sjølv må rive heile bygget.

- Eg håpar at Qvam ser kva som er i ferd med å skje, og sjølv gjer dei tiltaka som skal til for å få brua i samsvar med søknaden. Det vil seie at dei tek ned konstruksjonen og set opp det som var godkjent. Det er ikkje haldbart at dei set opp noko som ikkje er godkjent og som politikarane ikkje ville ha i utgangspunktet.

Gruppeleiar for Høgre,  Eva Marie Halvorsen, er opprørt over framgangsmåten til selskapet. Ho meiner Qvam har teke seg til rette, og støttar Nøringset i kravet om at selskapet må rydde opp.

- Det var ikkje slik vi fekk presentert gangbrua av arkitektfirmaet som vann konkurransen. Eg er veldig skuffa, seier Halvorsen.

Saka kjem no oppatt i planutvalet i Førde.

Arkitekten overraska

Arkitekten hadde teikna ein glasfasade med gitter med rombeformer, men huseigaren har sett opp gitter med kvadrat.

Det er arkitektfirmaet Kritt Arkitekter AS som har laga dei opphavlege planane for gangbrua. Men i fjor haust fekk dei beskjed frå utbyggjaren dei ville halde fram prosjektet utan hjelp frå arkitekt. Sivilarkitekt Erik Collet seier dei endå ikkje forstår kvifor.

- Vi har hatt eit godt forhold til Qvam, så vi vart forbausa då dei ikkje ønskte å bruke oss som arkitektar lenger.

Og Collett forstår godt reaksjonane til politikarane i Førde.

- Eg forstår reaksjonane svært godt. Det som er i ferd med å verte bygt no, er ganske annleis det vi har teikna.

Han meiner den brua som er under bygging framstår både meir dominerande og tyngre i gatebiletet.