Hopp til innhold

- Ringer inn falske vegmeldingar

Statens Vegvesen er i full gang med planlegginga av ein ny vintersesong med brøyting. Visse telefonar er dei budde på vil kome.

Glatt vei

Om det er glatt eller ikkje veit bilisten lite om. Likevel melder han frå om glatt vegbane, for å sikre seg når han kjem fram... (Illustrasjonsfoto)

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

- Dei ringer før dei køyrer, seier det er glatt og har forventing om at vi kallar ut nokon til å strø eller salte før dei kjem fram, fortel distriktsvegsjef i Sogn, Nils Magne Slinde.

Har ikkje peiling

Slinde tenkjer på dei oppfinsame bilistane som ringer inn falske meldingar om glatt veg - før dei sjølve skal køyre der. Sjølv om dei ikkje har peiling på køyreforholda, melder dei frå om så glatt veg at det bør strøast eller saltast.

Håpet er at vegen då skal vere ferdig strødd og salta innan dei kjem fram.

- Det er ikkje noko ulovleg dette. Det kan vere ein lur måte å hjelpe seg fram på dette her, men det gjer vårt arbeid litt vanskelegare ettersom vi ikkje kan ta alle innringarar seriøst, seier distriktsvegsjefen.

Blir meir kritiske

Vegvesenet har fleire gonger sendt ut entreprenørane sine etter slike falske vegmeldingar.

No seier Slinde at dei ikkje har anna val enn å vere meir kritiske før dei beordrar mannskapa sine ut.

- Nokre av operatørane våre er erfarne, så dei klarer sikkert å sile. Men det er ikkje lett. Plutseleg er det rett at det er glatt på ei strekke, og då er det viktig å melde vidare. Høyrer operatøren at fire-fem personar byrjar å ringe om same staden, melder han det vidare. Er det enkeltmeldingar, så må ein vere meir forsiktig, seier Slinde.