- Vegkontoret har ansvar for å vedlikehalde vegen, men ingenting er gjort det siste året, seier Torstein Kvam.
Dårlege opplevingar
Bussjåførar og andre reisande har dagleg dårlege opplevingar når dei køyrer vegen. Det kan bussjåfør på Valdresekspressen og tillitsvald for sjåførane i Sogn Billag i Årdal, Harald Thune skrive under på.
- Den er veldig dårleg, med djupe hol og dårlege asfaltkantar, seier han.
Vil lappe vegen
Vegstrekninga på omlag to mil ligg i Vang kommune i Oppland. Men det er Statens Vegvesen region Vest som har ansvaret for opprustinga. Fungerande distriktssjef Eivind Yttri i Statens Vegvesen kan ikkje love at vegen blir rusta opp i år, men seier at dei vil lappe vegen. Men dette er ikkje Kvam nøgd med.
- Dei bør leggje eit skikkeleg dekke frå kommunegrensa i Årdal til Tyinkrysset, seier han.
- Mykje unødvendig stenging
Og no trur fleire i Årdal at den viktige sambindingsvegen mellom Oppland og Sogn og Fjordane blir nedprioritert.
- Vi ser det godt om vinteren, då det er mykje unødvendig stenging av vegen. Denne vegen betyr mykje for både årdøler og for folk i Vang som jobbar på Hydro, seier Kvam.