Det seier ein oppgitt Frode Voll, som er ein av dei som ville satse på å byggje ny fjøs. No meiner han dei er blitt haldne for narr av Riksantikvaren.
- Det kom som eit sjokk på oss, for vi har heile tida fått inntrykk av at det stod på fasaden mot kyrkja som vi skulle bli samde om. No meiner vi at både vi og Vik kommune blir haldne for tyl, og det er heilt latterleg at systemet skal vere slik, seier Voll.
- Overraska
Men Unni Grønn, som er avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren, avviser at dei held bøndene i Vik for narr. - Eg skjønar at dei er skuffa, men er overraska over at det kjenner seg haldne for narr, seier ho. Unni Grønn meiner dei heile tida har gjort det klart at det ville bli vanskeleg å finne ei ordning som Riksantikvaren kunne godta.
Endeleg nei
Før helga sa Riksantikvaren endeleg nei til planane om ein 1600 kvadratemeter stor samdriftsfjøs ved gamle Hove steinkyrkje i Vik.
- Konsekvensen av avslaget er at fem gardsbruk blir lagde ned, seier ein fortørna og oppgitt Frode Voll.
Også ordføraren i Vik, Erik Lidal, er overraska og skuffa over avslaget, og seier han no vil ha eit møte med Riksantikvaren.