Av Kjell Arvid Stølen og Brit Jorunn Svanes
Frode Voll. MMS-foto: Arve Uglum
Riksantikvaren sa nei til bygging av ein fellesfjøs ved verneverdige Hove steinkyrkje. No meiner Hove Samdrift vedtaket byggjer på så mange feil at dei klagar saka inn for Miljøverndepartementet, seier ein av dei fem i samdrifta, Frode Voll.
- Sju lovbrot
I brevet til Miljøverndepartementet reknar Hove Samdrift opp seks brot på forvaltningslova og eitt avtalebrot. På grunn av både mangelfull intern kommunikasjon, manglande fullmakter og evne til å inngå kompromiss har Riksantikvaren ført saka ut i eit uføre, skriv dei fem bøndene frå Vik i brevet.
Feil avstand
Hove steinkyrkje. Foto©NRK
Det var for to veker sidan Riksantikvaren sette foten ned etter at folk derifrå i lang tid hadde samarbeidd med Hove Samdrift og arkitekten om ei utforming og plassering som ikkje vert for skjemmande for middelalderkyrkja. I pressemeldinga skreiv Riksantikvaren at fellefjøsen var planlagd berre 75 meter frå kyrkja.
- Men på det tidspunktet var avstanden auka til 93 meter, seier Frode Voll.
Rett til å klage
Avdelingsdirektør Unni Grønn har enno ikkje sett brevet frå Hove Samdrift og vil ikkje kommentera det på annan måte enn at samdrifta er i sin fulle rett til å klaga på vedtaket.
Ny løysing
No håpar Frode Voll at dei skal ha ei ny og alternativ løysing klar til Riksantikvaren kjem til Vik 4. oktober. Den inneber at fellesfjøsen blir flytta sju meter til, slik at minsteavstanden blir 100 meter, takvinkelen skal endrast og fjøsen skal bli 150 kvadratmeter mindre.
Kjenner ikkje forslaget
Men om Riksantikvaren kan godta ei slik løysing kan ikkje avdelingsdirektør Unni Grønn seie noko om i dag. - Riksantikvaren er ikkje kjend med det forslaget, så det er det ikkje råd å uttale seg om no, seier ho.
- Urettferdig behandla
Men blir ikkje denne løysinga godkjend heller, er det klart for erstatningskrav frå Hove Samdrift, seier Frode Voll.
- Vi føler oss urettferdig behandla i denne saka. Her er så mange feil at det vert køyrt eit erstatningskrav om det ikkje vert ei ordning, seier han.