Smith snakka til nær 400 næringslivsleiarar i fylket før helga, og brukte fiskeindustrien som døme. Frå å ha eit utal sardinprodusentar med eigne seljarar landet rundt, samla alle seg i Norway Foods, og resultatet vart enormt.
- Kan ikkje ha fullt av namn
Oppmodinga til reiselivet var difor klinkande klar: - Slå dykk saman til eitt selskap, og då får de blåse i kva det heiter, berre det er eitt namn. De kan ikkje ha fullt av ulike namn, sa Smith.
- Må unne kvarandre suksess
Sogn og Fjordane er framleis sterkt prega av produksjonstankegang og primærnæring, og lite av kremmararånd. Men enkelte er blitt flinke til å selje og, seier Smith, som streka under kor viktig det er å unne kvarandre suksess.