Fager natur og namn på ei liste er ikkje nok, meiner informasjonsdirektør i Kommunikasjonshuset Dinamo, Kjell Terje Ringdal. - Det er veldig få ute i verden som sit og ventar på informasjon frå nettopp dette området. Man må ut og få tak i dei menneska som er interessert i å dra hit, seier han.
Foto: Heidi Lise Bakke, NRK
Reiselivsnæringa i Sogn fekk ein gigantisk gåvepakke i går, då Nærøyfjorden hamna på UNESCO si verdsarvliste. Det betyr gratis reklame over heile verda. Men næringa sjølv må samordne seg snarast, og satse stort skal dei nå målet om ein million turistar til området, seier PR-ekspertane.
- Må satse for fullt
Reklameguru Ivar Vereide trur ikkje noko på at det plutseleg står ein millionar turistar og bankar på døra for å kome til Norge. Han rådar ei samordna turistnæring i Sogn til å satse for fullt. - Naturen er flott, men dei må legge til rette fasilitetar for turistane slik at dei føler seg velkomne og har lyst å kome tilbake, seier han.
Vil ha ekte og genuine opplevingar
Mange av turistane i dag tek ikkje til takke med berre vakker natur. Derfor må ein gå på skattejakt i nærmiljøet, meiner Ringdal. Turistmarknaden går meir og meir mot å vere på jakt etter det genuine. Marknaden vil ha det som er ekte, og Ringdal trur lokalkulturen er proppfull av ekte, genuine aktivitetar som mange ikkje tenkjer over er interessant for turistar.