Hopp til innhold

- Reiselivet kan få vanskar

- Lågare arbeidsgjevaravgift i Hedmark og Oppland vil føre til vanskar for reiselivsnæringa her i fylket.

Åge Starheim
Foto: NRK

Det seier stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet etter at Regjeringa har vedteke nyinnføring av differensiert arbeidsgjevaravgift.

- Det eg fryktar mest er konkurranseevna til spesielt turistnæringa, seier han.

Sette ned avgifta

Regjeringa har på nytt innført differensiert arbeidsgjevaravgift her i landet. Sidan 2004 er det berre utkantdistrikta Troms og Finnmark som har hatt lågare eller vore heilt utan slik avgift.

Her i fylket får alle kommunane utanom Førde, Flora og Sogndal no sett ned arbeidsgjevaravgifta.

- Dei store taparane

Og i tevlinga med nabo-turistfylka Hedmark og Oppland, som har lågare avgift enn heile Sogn og Fjordane, vert desse tre kommunane dei store taparane, seier Starheim.

- Det er viktig at ein klarar å oppretthalde ein vekst i heile fylket og at alle har det same konkurransemessige utgangspunktet. Eg meiner at heile Sogn og Fjordane er eit utsett fylke, også når det gjeld Florø, Førde og Sogndal. Vi ser at dei mange gonger kjempar for å få den positive veksten som er andre stader, seier han.