Arkivfoto: Stein Magne Os, NRK
- Reiselivet i Sogn og Fjordane har ikkje kjent besøkelsestida si. Medan resten av næringslivet i fylket blir trekt fram som eksemplariske i bruk av design, ligg reiselivet heilt bakpå, seier Beth Stensen i Norsk Designråd.
- Må fortelje verda om tilbodet
- Sogn og Fjordane har ein unik natur og dermed eit unikt tilbod til turistar, og det må dei fortelje verda. Då er design svært viktig, seier Beth Stensen, som peikar på at det er viktig å skape eit heilskapeleg bilete i brosjyrer og på websider.
- Einaste vegen å gå
Norsk Designråd har kåra bedrifter i Sogn og Fjordane som best i landet på bruk av framtidsretta design. Ifølgje Atle Torvanger i Innovasjon Norge er slik nyskaping einaste vegen å gå om ein skal konkurrere i ein internasjonal marknad.
Reiselivet unnatak
Men så utgjer altså reiselivet i fylket eit unnatak frå dei som har forstått dette. - Eg er skuffa over det, for reiselivet har eit produkt som skal seljast til turistar, og dei hadde absolutt hatt behov for å framstille seg på ein profesjonell måte. Eg synest dei burde ha brydd seg litt meir og vist interesse, seier Torvanger.
- Mindre framsynte
- Dei er ikkje så framsynte som resten av næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi ser det mellom anna på oppslutnaden om workshopen som vi har på designdagane som startar måndag. Der er det eit fåtal av reiselivsbedriftene som har meldt seg på og dermed gitt seg sjansen til å lære meir om korleis dei skal kommunisere med marknaden sin, seier Beth Stensen.