Hopp til innhold

- Rein feilinformasjon frå Ringstad

Overlege Henrik Berg ved Nordfjord Sjukehus meiner fungerande styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, feilinformerer om dyre vikartenester.

Video nsps_upload_2009_10_3_15_10_31_3143.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Det er veldig ille å lese styreleiaren vår gå så bastant ut med noko som diverre er så fullt av faktafeil, seier Berg.

Oppgitt og provosert

Jorunn Ringstad

Jorunn Ringstad vert skulda for feilinformasjon om vikarbruken i Helse Førde.

Foto: Helse Førde

Helse Førde brukar fleire titals millionar kroner på dyre vikartenester. Sjukehusa slit med å skaffe fagfolk og legevikara til dømes kan tene så mykje som tusen kroner timen kost og losji inkludert. I førre veke sa Ringstad at problemet er ekstra stort ved lokalsjukehusa . Berg meiner problemet er størst ved sentralsjukehuset.

- Det har vel vore allmennkjent at Helse Førde har hatt store problem med å rekruttere folk til nettopp sentralsjukehuset, svarar ein oppgitt og provosert Berg.

- Nytt åtak frå leiinga

Overlegen som i 14 år har hatt sjukehuset på Nordfjordeid som sin arbeidsstad, ser på uttalen til Ringstad som eit nytt åtak frå Helse Førde-leiinga mot lokalsjukehusa og tilsette der.

I fylgje Berg har lokalsjukehuset fleire fast tilsette legar som pendlar, men dei hevar ikkje meir løn enn øvrige legar, i tillegg har fleire av dei busett seg permanent i bygda.

Skaffer inntekter

Overlegen meiner også at vikarlegane skaffar føretaket inntekter som veg opp for utgiftene, og at vikarbruken ved lokalsjukehuset er langt mindre enn det ein får inntrykk av.

- Om vi til dømes tek vikarane våre her på medisin, så kjem dei inn når nokon er sjuke, når nokon er på permisjon eller køane blir uakseptabelt lange. Dei tjener eit visst beløp i pasientavgifter og trygderefusjonar. Det er om lag det same som dei kostar, seier Berg.