Sju av kommunane i Sogn og Fjordane får ein realnedgang i dei frie inntektene, og det fell ikkje i god jord hjå Krf-ordførar Gunn Helgesen i Selje. Ho trur det blir ein tung haust for den vesle kommunen
Nedgang i fri inntekter
Selje kommune er ein av de minste kommunane i landet, og i statsbudsjett-forslaget som vart lagt fram i dag er Selje ein av sju kommunar i Sogn og Fjordane som vil få ein reell nedgang i dei frie inntektene neste år. Det betyr at kommunen får mindre pengar å bruke på skular, barnehagar og andre viktige oppgåver. Og på ein slik dag er det ikkje lett å vere ordførar i en liten kommune, og å tilhøyre eit parti som sit i regjeringa:
- Eg er ikkje heilt nøgd, det må eg seie. Det er ikkje noko kjekt å vere i denne situasjonen, seier Helgesen, som ser føre seg ein tung haust for kommunen. Ho meiner regjeringa sitt budsjettframlegg er mest farga av Høgre, noko ho meiner er naturleg sidan partiet er størst.
- Feil kurs
Eg kunne tenkt meg meir pengar til kommunane, og at Stad skipstunnel hadde vore inne. Men slik er det, seier den diplomatiske ordføraren i Selje.
Hyllestad-ordførar Harry Mowatt (Ap) er ikkje imponert over regjeringa sitt framlegg. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Like diplomatisk er ikkje ordførar Harry Mowatt i Hyllestad kommune. Han representerer Arbeidarpartiet og har følgjande bodskap:
- Det er klart vi ikkje blir nøgde når vi for tredje året på rad får ein reell nedgang i vårt fylke. Det viser berre at regjeringa og stortingsfleirtalet held fram med den kursen dei har byrja på - og den kursen er feil. Med ei anna regjering ville vi nok ha fått tre-fire milliardar kroner ekstra til kommunesektoren kvart år, hevdar Mowatt.
Taper på selskapsskatt
Hyllestad-ordføraren representerer nok fleirtalet av ordførarane i Sogn og Fjordane når det gjeld oppfatninga av regjeringa sin vilje til å satse på kommunane - først og fremst dei små kommunane i distrikta - og med det dei små kommunane i Sogn og Fjordane som ikkje får like mykje frie midlar som kollegaene i meir sentrale strok, og som også blir skadelidande i regjeringa sin modell for innføring av selskapsskatt. I korte trekk vil selskapsskatten påføre kommunane eit tap på 7,3 millionar kroner.
Kraftkommunane unntak
Unntaka er kraftkommunane, som vinn på tilbakeføringa av selskapsskatten. Men det hjelper ikkje ordførar Gunn Helgesen i kystkommunen Selje.