Hopp til innhold

- Regjeringa må betale betre mobilnett

Regjeringa må på bana om mobilnettet skal tole ein langvarig straumstans på grunn av uver, seier Post- og teletilsynet.

Heile taket er vekk

MOBILNETT: Mange trengde hjelp etter 'Dagmar' sine herjingar, men daudt mobilnett gjorde hjelpearbeidet vanskeleg.

Foto: Hans Erik Myren / Privat

- Forsterka basestasjonar må vera noko samfunnet betalar for, seier seksjonssjef i Post og teletilsynet, Fredrik Knudsen.

Det har snart gått eit år sidan stormen «Dagmar» for alvor demonstrerte kor sårbart mobilnettet er. Uveret i romjula i fjor, med påfølgjande langvarig straumstans, lamma store deler av Nordvestlandet i lang tid. Dekningsdirektør Bjørn Amundsen kan ikkje minnast å ha vore med på noko så ille.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innlandet: 100 000 mistet strømmen etter Dagmar

100 000 mistet strømmen etter Dagmar

Veker utan straum

- "Dagmar" er noko av det verste eg har vore med på. Det var ein tøff periode for mobilnettet, men det var sjølvsagt ein endå tøffare periode for dei som skulle drive kriseberedskap ute i kommunane når alt datt ned samtidig. Og for enkelte vart det ikkje berre nokre timar. Det varte i dagar og i enkelte tilfelle i mange, mange veker, seier Amundsen.

I løpet av neste år kjem det ei tydeleggjering av kva plikter tilbydarane har når det gjeld å sikre reservestraum til basestasjonane i mobilnettet seier Knudsen i Post og Teletilsynet. Blant anna kjem det krav om seks timar reservestraum for basestasjonar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Amundsen 14

DAGMAR: 'Dagmar' er noko av det verste eg har vore med på, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Skal ha tre døger reservestraum

Særleg viktige basestasjonar skal ha tre døgn reservestraum. I løpet av neste år vil ein sjå kva stasjonar dette blir, men dette blir så dyrt at her må regjeringa på banen seier Knudsen.

- Her må det ekstra milder til. Der har vi i 2012 ikkje hatt tilstrekkelige midlar til å gjere dette, men i 2013 vil vi starte arbeidet med å finne ut kvar det vil vere aktuelt å ha slike forsterka basestasjonar og deretter begynne å rulle dette ut, seier Knudsen.