Det gjorde sosialminister Ingjerd Schou klart på Sogn og Fjordane Høgre sitt opne møte fredag. Ansvaret ligg hos Helse Vest, sa sosialministeren.
På møtet i Florø stadfesta politistasjonssjef Nils Erik Eggen den maktesløysa mange politifolk føler når dei ikkje kan hjelpe tyngre rusmisbrukarar. Også foreldre i salen etterlyste ein eigen institusjon i Sogn og Fjordane.
Sosialministeren understreka at ansvaret no er overført frå fylkeskommunen til helseføretak og kommunar.
Schou uttrykte forståing for at mange pårørande til tunge rusmisbrukarar er fortvila. Ho oppmoda dei om å klage dersom dei ikkje får hjelp.