NRK Meny
Normal

- Redningshelikopteret kjem

Alt tyder no på at den planlagde basen for eit redningshelikopter i Florø kjem. Fylkesordførar Nils R. Sandal reknar med det kjem pengar i 2007.

Artikkelen er flere år gammel.

Arkivfoto.
Foto: Gunnar Lier / Scanpix

Fylkesordførar Nils R. Sandal møtte i dag statssekretæren i Justisdepartementet for å drøfte saka om redningshelikopteret i Florø.

- Vi gav uttrykk for at vi er utolmodige når det gjeld oppfølginga av stortingsvedtaket frå 2002, og kravde difor fortgang i saka, fortel Sandal.

Etter møtet har Sandal god von om at dette skal gå Florø og Sogn og Fjordane sin veg. Statssekretæren kunne nemleg fortelje at departementet har intensjon om å finne pengar til etablering av den planlagde basen for eit redningshelikopter.

- Så får vi håpe og tru at det kjem med i budsjettet for 2007.

Avgjerd om to veker

I tillegg vart det avklara på møtet at departementet ikkje setje basen i Florø opp mot eksisterande basar andre stader i landet.

- Statssekretæren sa også at regjeringa vil drøfte saka om to veker, seier ein optismistik fylkesordførar.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar