- Dette er rasisme, og bør fjernast straks, seier Kokkvold om eit innlegg som til seint tysdag kveld låg på Sogn Avis sitt diskusjonsforum.
- Nyttårsbarnet mørkhuda
I innlegget skriv den anonyme innsendaren mellom anna at innvandrarar står mange hundre år tilbake for innfødde kulturelt sett, han klagar på at nyttårsbarnet var mørkhuda, og han avsluttar med å ville senda dei alle tilbake dit dei kom frå.
Minst mogeleg sensur, men...
Per Edgar Kokkvold understrekar at aviser skal sensurera minst mogeleg, men han meiner likevel at dette burde vore fjerna.
Redaktøren greip inn
Og det skjedde. Konstituert redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal, fjerna innlegget straks han vart gjort merksam på det.