Ras på riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden. Arkivfoto NRK
- Rasfare kan lokke turistar
Den siste tida har det gått svært mange ras langs vestlandsvegane. Store snø- og steinmassar som veltar ned fjellsidene har gjort kvardagen utrygg for mang ein trafikant. Men dette kan altså brukast til å lokke turistane, meiner Haugsvær. Han brukar turistruta langs Kjøsnesfjorden i Jølster som eit eksempel. Seinast i november stod nærare 70 bilar innesperra der.
Bjørn-Harald Haugsvær. Arkivfoto NRK
- Raspølse frå Kjøsnes?
- Eg kan tenkje meg raspølse frå Kjøsnes og stormlam frå Stad. Ved å utnytte slikt, kan vi her i Sogn og Fjordane bli vinnarar i staden for å stå på lik linje med andre i kampen om merksemda, seier Bjørn-Harald Haugsvær.
- Unikt og eksotisk
Også andre ulemper kan ein snu opp ned på, meiner Haugsvær. - Vi har mange dårlege vegar, vi har mykje dårleg ver, storm ved Stad, og område utan mobildekning. Dette er er slikt som vi synest er negativt, men kanskje omverda vil sjå på det som spennande, unikt og eksotisk, seier fylkesagronomen.
Provosert rasaksjonist
Å kalle rasfare for eksotisk provoserer Kai Lille-Homb. Han er leiar i aksjonsgruppa for rassikring. - Dei som har vore utsette for ras ville sitte med ei vond kjensle dersom vi skulle bruke dette som ei marknadsføringssak for å trekkje folk til Sogn og Fjordane, seier han.
- Må vere litt sprø
Bjørn-Harald Haugsvær vedgår at ideen hans er heilt vill. - Men dersom vi ikkje er litt sprøe og tenkjer annleis, så trur eg heller ikkje vi har sjanse til å vinne, seier han.
Blanda kjensler i reiselivet
Reiselivet i Sogn og Fjordane har blanda kjensler kring ideen om rasreklame. Fylkesagronomen vil bruke ras og mobilskugge i marknadsføringa av distrikts-Norge. Men fylkesleiar for Reiselivsbedriftenes Landsforbund, Odd Erik Gullaksen, er ikkje udelt positiv.
Likar ikkje profilering på rasfare
- Eg er positiv til at vi skal marknadsføre Sogn og Fjordane som eit spennande og dramatisk fylke frå naturen si side. Det er og flott at Haugsvær vil satse på historieforteljing og lokale produkt. Det eg ikkje likar er at vi skal profilere oss som eit rasfarleg fylke å reise i, seier Gullaksen. Han meiner det vil skremme vekk langt fleire enn det vil lokke til Sogn og Fjordane.