Hopp til innhold

- Rådmannen driv politikk

- Rolla til rådmann Anna Elisa Tryti må diskuterast, seier høgrepolitikar Kjell Klopstad i Naustdal.

Naustdal kommunehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

Den tidlegare ordføraren i Naustdal meiner Tryti heldt eit politisk innlegg i debatten om eigedomsskatt i det forrige kommunestyremøtet.

Slik kan det ikkje vere, seier Klopstad.

- Problematisk

- Det blir problematisk når ho kjem inn på den politiske arenaen og i nokså klare ordelag adresserer eit innlegg til ei gruppe som har kome med eit alternativt framlegg som er fullt ut forsvarleg i forhold til budsjettet.

Høgre mot skatteauke

Førre torsdag diskuterte kommunestyret i Naustdal om dei skulle auke eigedomsskatten i kommunen frå fire til seks promille. Høgre var imot ein auke, og argumenterte med at kommunen fekk inn meir renteinntekter enn rekna med, skriv avisa Firda.

- Politisk innlegg

I diskusjonen gjekk rådmann Anna Elisa Tryti på talarstolen for å påpeike at kommuneøkonomien ville bli dårlegare viss politikarane ikkje vedtok å auke eigedomsskatten. Dermed handla ho meir som ein politikar enn ein rådmann, meiner Klopstad.

- Eg kjende det som eit politisk innlegg og eit press i forhold til kva vi burde stemme.

- La berre fram fakta

Men rådmann Anna Elisa Tryti seier ho berre la fram fakta i sitt innlegg, og at ho dermed berre gjorde jobben sin med tanke på å berge kommunen ut av ein dårleg økonomi.

- Og når det då kjem eit forslag frå Høgre ved Kjell Klopstad på å svekke inntektsgrunnlaget til kommunen så er det klart at det er mi plikt å opplyse kommunestyret om dei ulempene eg ser i budsjettet for neste år og den økonomiske situasjonen til kommunen.

Ikkje støtte frå eigne

Og Kjell Klopstad får ikkje støtte frå sine eigne. Varaordførar og partifelle Harald Kvame meiner rådmannen handla slik ho skulle.

- Eg oppfatta det der og då som ein informasjon til kommunestyret.

Men Klopstad held fast på at rådmannen deltok i debatten i kommunestyret.

- Folkevalde må ha ein arena der dei kan drøfte og bryte meiningar. Då blir det feil om ein kapasitet som Tryti legg breisida til og argumenterer sterkt for eitt syn.