- Viss regjeringa vil ha avtale med oss i vår, er det ein forutsetnad at det kjem meir pengar til Årdal. Det sa arbeidarpartileiaren då han i dag besøkte aluminiumsbygda i Sogn.
500 færre Hydro-tilsette
Dårlege nyhende har stått i kø for Årdalssamfunnet. Hydro har varsla at det ikkje blir modernisering av den gamle teknologien - og i tillegg må talet på tilsette ned med 285 på kort tid. Til saman betyr det 500 færre Hydro-tilsette innan utgangen av 2006.
Fem millionar på deling
Eit slag i ansiktet var det nok og når det regjeringa i sitt forslag til revidert statsbudsjett kunne løyve til industrisamfunna Årdal, Høyanger og Florø, viste seg å vere på til saman fem millionar kroner. Større løyvingar må til, meiner Stoltenberg.
- Brot på budsjettavtalen
Stoltenberg meiner Regjeringa har brote det Arbeidarpartiet og regjeringa vart einige om under budsjettavtalen i fjor. Då fekk AP med eit punkt der Regjeringa sa at dei aktivt skulle bidra til nye arbeidsplassar og ta kontakt med andre verksemder og investormiljø. Det har ikkje skjedd, seier han, og legg til at det heller ikkje har vorte følgt opp i revidert.