Hopp til innhold

- Pulsen steig nokre hakk

Då bjørnen kom imot dei, la jegerane seg roleg ned.

bjørnen er skoten
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Vi klarte å halde på fatninga. Men det er klart det var spennande, seier Jan Erik Gjerland.

Saman med Sverre Sæten vart han sendt opp på Vetlebreen for å sjå etter bjørn i føremiddag.

Les og diskuter: Bjørnen er skoten

På veg ned mot Fjærland

- Eg trudde ikkje vi skulle finne han. I alle fall ikkje så fort, seier Gjerland.

Dei to gjekk opp frå Trollvatnet og innover mot breen. Vel ein time etter oppstart oppdaga dei ein bjørn som kom imot dei.

- Då var han på tur nedover i retning Fjærland.

Fyrte av fire skot

Ifølgje Gjerland ante bjørnen fred og ingen fare.

- Han stoppa opp om lag 100 meter unna oss. Vi fyrte av fire skot, og traff på alle, seier Gjerland.

Les òg: Bjørnen er skoten

Les òg: Bjørnen felt av bananskal

Blir henta ned i helikopter

No har jegerar vore saman med Statens Naturoppsyn (SNO) på staden. SNO skal undersøke at alt har gått rett føre seg.

Så blir bjørnen fraka ned til Jølster med helikopter for nærare undersøking.

Folk har samla seg i Kjøsnes i Jøster og ventar på helikoptet som fraktar bjørnen ned frå Vetlebreen

Folk har samla seg i Kjøsnes i Jøster og ventar på helikoptet som fraktar bjørnen ned frå Vetlebreen

Foto: Steinar Lote / NRK