Ho likte ikkje at fleire parti gjekk mot vedtaket dei tidlegare har gjort om å flytte dei 10 psykisk utviklingshemma brukarane av Haugehuset aktivitetssenter til Sogndal omsorgssenter, og meiner det kun skjedde fordi det var samla inn underskrifter mot flyttinga.
Forslag om utsetjing
Eldrerådet i Sogndal var med på å samle inn over 1300 underskrifter for at brukarane av Haugehuset framleis skulle ha tilhald der. Det resulterte i at KrF, Høgre, Framstegspartiet og Venstre la fram eit forslag om å utsetje flyttinga, og vurdere den på nytt.
- Det skuldast ikkje populisme, men at dei eldre som brukar omsorgssenteret i dag også burde få kome til orde før ein gjer eit vedtak, meiner Helge Torstad frå Kristeleg Folkeparti.
Vedtok flytting
Fleirtalet i kommunestyret gjekk i torsdag kveld inn for at dei psykisk utviklingshemma brukarane av Haugehuset skal flyttast til omsorgssenteret frå sommaren av.