Hopp til innhold

- Politireforma vil tappa bygdene for politifolk

Nedlegging av lensmannskontor vil føra til at politifolka på sikt vil busetja seg på staden der det nye samanslåtte politikontoret ligg, fryktar mange lensmenn.

Politimenn i bil, snakker i radio

VIL HA KORT VEG TIL JOBBEN: – Når du sentraliserer til berre éin oppmøtestad for politiet i eit område, vil nytilsette busetja seg nærast arbeidsplassen. Det er naturleg, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Nedlegginga av lensmannskontor vil bety at fleire kommunar blir utan politifolk på «fritida». Så eg forstår dei som er uroa, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn.

NRK har snakka med fleire lensmenn i Sogn og Fjordane som er sterkt uroa for at politireforma vil tappa bygdene for politifolk når lensmannskontor over heile landet blir lagde ned.

Berre i Sogn og Fjordane har ei arbeidsgruppe i Vest politidistrikt føreslått å halvera talet på lensmannskontor til 11.

Kor mange lensmannskontor som blir lagde ned i landet, er for tidleg å seia, men Stortinget har vedteke at det ikkje skal vera færre enn 203.

Politimannen i Lærdals-brannen

Johannessen meiner det har stor verdi at politifolk bur spreidd i bygder og grender:

– Politifolk er som andre med på idrett, musikk og frivillig arbeid. Det er viktig fordi det gjer politiet synleg og er med på å byggja ned «frykta» som folk kan ha for politiet. Dessutan fører denne naturlege deltakinga i lokalsamfunnet til at politiet får kontaktar og informasjon.

Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn

LOKALKUNNSKAP: – Politireforma vil føra til betre kvalitet i politiarbeidet, men det er avgjerande at me ikkje mister for mykje lokalkunnskap på vegen, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Johannessen meiner brannen i Lærdal 2014 viser viktigheita av politi med lokalkunnskap.

Ein politimann budde i Lærdal på denne tida. Då brannen braut ut om kvelden laurdag 18. januar, hadde ikkje denne tenestemannen vakt, men rykte likevel ut, tok ansvar og byrja å styra dei mange frivillige for å få evakuert folk frå dei brannutsette husa. Arbeidet han gjorde var viktig, fordi brannen spreidde seg så fort.

– Det viser verdien av nærleik og lokalkunnskap, som er problematisk viss me misser, seier Johannessen.

«Har ikkje effektive tiltak»

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt skal 14. oktober tilrå kva lensmannskontor i Sogn og Fjordane og Hordaland som skal leggjast ned.

Songstad hadde måndag ikkje høve til å kommentera saka og viser til det han sa til NRK 16. september:

Kaare Songstad, politimeister i Vest politidistrikt

BYGDER UTAN POLITIFOLK: – Eg forstår bekymringa, fordi dette er ei reell problemstilling. Me har sett frå andre stader at dette kan skje, seier politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det som kan kompensera litt, er at me veit at me har god søknad frå polititenestemenn som bur i desse områda, som me må gjera det me kan for å rekruttera tilbake til heimplassen, sa Songstad.

Regionlensmann Johannessen meiner per i dag at det ikkje finst effektive tiltak som kan hindra at bygdene på sikt blir tømde for politifolk:

– Problemet i dag er at du ikkje kan stilla krav til kvar nytilsette politifolk skal bu i ein kommune. Det kunne me før. Me må difor i dialog med kommunane for å finna positive verkemiddel.