- Både lokale og sentrale politikarar må ta eit ansvar for det, fordi dei får fleire fjør i hatten viss ein får gjennomført eit stort og tungt nyanlegg. Å få blomster for vedlikehald av vegane er det ikkje mange som får noko særleg utteljing for, seier Lefdal.
Lars Lefdal, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, sat som vegsjef frå 1989 til 2003. Som pensjonist ser han på debatten som no har blussa opp omkring det elendige vegdekket mange stadar i fylket. Slik den tidlegare vegsjefen ser det er det ikkje tvil om at det blir brukt mindre pengar på vedlikehald. Då han sat som vegsjef åtvara han mot å bruke for lite pengar på vedlikehald.
Vanskeleg å få gjennomslag
- Slik som det er i dag er trafikken på vegane både tyngre og større enn det som vegane er bygde for. Det er også med på å slite ned vegane, seier Lefdal. Han merka trenden frå tidleg nittitalet. Då prøvde han å påverke politikarane, utan å komme fram. Å bruke investeringsmidlar på å gjere dei eksisterande vegane betre, og tilpassa dagens trafikk, var også tungt å få gjennom.