NRK Meny
Normal

- Politikarane er feige

SINTEF-forskar gir politikarane mest skuld i underskota ved helseføretaka.

Førde sentralsjukehus

UNDERSKOT: Helse Førde går mot underskot op 95 millionar kroner.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I dag la Riksrevisjonen fram ein rapport som rettar kraftig kritikk mot helseføretaka i landet. I rapporten blir føretaka skulda for å lene seg på tilleggsløyvingar, og ikkje ta budsjettprosessen på alvor.

Anthun kritiserer poltikarane for å sende ut signal om at det er greit at helseføretaka går med millionunderskot år etter år.

- Dei er feige som ikkje tør å seie nei. Dei har hatt mange år på å stramme inn og no er det på tide.

- Bør vere mogeleg med balanse

Medan Helse Vest er det einaste føretaket som er venta å klare å halde budsjettet
er det klart at Helse Førde går mot eit underskot på 95 millionar kroner. Forskaren rettar også kritikk mot Helse Førde-styret.

Både Riksrevisjonen og forskaren meiner helseføretaka legg opp til å gå med underskot.

- Det er ikkje noko i vegen med å bruke mykje pengar på helse og på sjukehus, men då må det gå i balanse. Viss nokre klarar det, så bør det også vere mogeleg i Helse Førde.

- Heilt ueinig

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde seier ho er heilt ueinig.

- Mi oppfatning som styreleiar er at det er slett ikkje greitt. Vi har eit heilt klar bestilling frå eigar at vi skal styre innanfor den rammen vi har fått, og det er ikkje styret si haldning at det er greitt. Vi beklagar på det sterkaste at vi har økonomiske avvik.

- Tykkjer du at politikarane er feige?

- Eg vil ikkje seie det. Men det har vore innspel frå politikarar med forskjellig agenda, og som ikkje har ført til anna enn auka uro og vanskelege arbeidstilhøve for styret og administrasjon.

Meiner systemet er feilslått

Høgrepolitikar og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel skuldar på feilslått system.

- Ein del av desse utfordringane ligg på måte å organisere på. I forhold til helse så har Høgre vore imot den regionale helsemodellen. Men til sjuande og sist så er det politikarane som har skulda.

Erling Sande frå Senterpartiet er ikkje samd i at politikarane er feige. Han seier at politikarane har stilt krav om at det skal vere eit visst tilbod.

- Helse Førde seier at det ikkje er nok pengar til at dei kan oppfylle dei forventningane vi har til dei.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå