Hopp til innhold

- Politiet skulle aldri valt Florø

Astrid Marie Nistad meiner plasseringa av politikammeret i Florø er årsaka til dei tronge tidene politiet opplever i dag.

Tidl. politihus i Florø.

Justisdepartementet burde forstått at dette huset ikkje heldt mål, seier Astrid Marie Nistad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg er vel kjend med argumentasjonen då det vart lagt til Florø. Det heitte seg at dei hadde ”utmerka lokale”, og at det ikkje var behov for noko nybygg. Eg kjende bygget i Florø og visste kva dei hadde, seier Astrid Marie Nistad, som sat i Stortinget sin justiskommite då dei to politikammera i Sogn og Fjordane vart slegne saman til eitt i 2001.

Eit splitter nytt politihus med langtids leigekontrakt i Sogndal vart ståande så og seia tomt, då dei to politidistrikta i Sogn og Fjordane vart slegne saman til eitt og lagt til Florø.

Krevde nytt hus umiddelbart

Kravet om eit nytt politihus i Florø kom umiddelbart etter at dei vann lokaliseringsstriden. Huset opna i år - og politimeister Johan Brekke varsla raskt konsekvensane det ville få for politiet sitt arbeid. Mellom anna vil dei auka utgiftene til husleige bety at UP-patruljen i Sunnfjord ikkje vil bli gjenoppretta.

- Politiet har eit vesentleg strammare budsjett i år enn me hadde i fjor. Ein god del av årsaka til det er det nye politibygget som er sett opp i Florø, sa politimeister Johan Brekke denne veka.

Tilfredstilte ikkje krava

Administrasjonssjef Sverre Indredavik i Sogn og Fjordane politidistrikt forsvarar nyinvesteringane med at det gamle bygget i Florø ikkje kunne brukast.

- Det gamle bygget tilfredstilte ikkje arbeidsmiljølova sine krav til kontorplassar og heller ikkje ei rekke krav til tryggleiken som ein stiller til eit politibygg i dag, seier han.

Husleige i åtte år

Paralellt med nybygginga i Florø har politiet betalt full husleige i snart åtte år for bygget dei ikkje hadde bruk for i Sogndal. Eit bygg som var nytt i 2001 og som tilfrestiller alle politiet sine krav. Nistad kallar det feilprioritering - og sløsing med politiet sine pengar.


- Eg visste dette ville kome. Eg vil påstå at dette ikkje politikarane i Florø sin feil. Dei gjorde jobben dei skulle gjere for å trygge arbeidsplassar i Florø. Det var andre politiske miljø som skulle vore opne for denne problemstillinga, seier Nistad.

Det var justisdepartementet og dåverande justisminister Odd Einar Dørum som tok avgjerda i 2001.