I dag vart det kjent at den 35 år gamle mannen, som har opphaldsløyve i Noreg, og som arbeider i Sogndal, tok ut ferie frå og med fredag. 35- åringen er observert torsdag kveld idet han gjekk på nattbussen til Oslo, berre timar etter at Karterudseter vart funnen kvelt på hybelen sin. Mannen er også sett idet han gjekk av bussen i Oslo, men så sluttar alle spor.
- Sein reaksjon
Anda meiner politiet kan ha reagert for seint og slik gått glipp av sitt viktigaste vitne. Han trur ikkje det har vore noko problem for mannen å reise frå Noreg - dersom han ville det.
- Det er jo alfa og omega i all politietterforsking å reagere snarast mogleg, og slik eg jo sjølv kjente det då eg jobba i politiet i tre år. Ein skulle reagere snarast mogleg viss ein meinte ein hadde viktige opplysningar å hente, seier advokat Louis Anda.
- Sånn sett kan det i verste fall vere slik at dette vitnet, som ein kallar han, har gått til spille for alltid. Det vil jo kanskje vere situasjonen viss dette vitnet kjem seg til heimlandet.
- Kan har reist til Afrika
- Er det realistisk at han har reist heilt til Somalia?
- Det skal vel noko til å kome så langt. Men gjennom Schengen-avtalen er det lett å krysse landegrenser utan problem gjennom heile Schengen-området. Og viss det er rett at vedkomande har vore i heimlandet før, tyder jo det jo på at han har reisedokumenta i orden.
- Mogleg å reise med fly
- Men han kan vel ikkje ha reist med fly?
- Det er klart det er store sikkerheitskontrollar. No veit eg ikkje korleis han er etterlyst, men viss det ikkje har vore offentleg etterlysning t.d. gjennom Interpol før det har gått nokre dagar, så kan nok vedkomande bruke fly, svarar advokat Anda.
Politiet skal no ha bede det somaliske miljøet i Oslo om hjelp til å finne den etterlyste 35- åringen. Men har han reist tilbake til Somalia, kan politiet få svært store problem med å finne han.