Hopp til innhold

- Politiet er taparen

Politiet vil ikkje vere i stand til å gjere ein betre jobb neste år med dei løyvingane regjeringa har sett av i framlegget til statsbudsjett, meiner leiaren i Politiets Fellesforbund.

Arne Johannessen (tv) sammen med Knut Storbereget

Arne Johannessen (t.v.) er ikkje nøgd med budsjettframlegget frå justisminister Knut Storberget.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Arne Johannessen er langt frå nøgd med 216 millionar kroner. Han er vonbroten etter at justisminister Knut Storberget før dagens framlegg hadde lova politiet friske midlar.

- Politisatsinga er avlyst

- Eg er skuffa. I to år på rad har justisministeren lova ei satsing på politiet. Det er no avlyst, det er heilt tydeleg. Det er veldig nedslåande.

- Kva betyr dette for kvart einskilt politidistrikt?

- Negativ utvikling

- Regjeringa reklamerer med at det er ei styrking på 216 millionar kroner. Men når vi går gjennom alt som regjeringa vil ha gjennomført så blir det mindre pengar til å bekjempe kriminalitet i kvart einaste politidistrikt. Det blir ei negativ utvikling for kampen mot kriminalitet.

- Bra satsing på rekruttering

- Er det noko positivt for politiet i budsjettet?

- Ja, langsiktig er det veldig bra at regjeringa går inn for å ta opp 552 studentar på Politihøgskulen. Det er eit godt signal og ei god satsing. I tillegg er det ei god satsing på DNA-register og DNA-analyse i kampen mot kriminalitet.

Saknar straksgrep

- Men det som er aller mest skuffande er at det ikkje blir teke eit krafttak, eit straksgrep i situasjonen vi har no med bemanningskrise, ved å gje pengar til å tilsette langt fleire sivile som kunne avlaste politiet med ein del oppgåver.

- I tillegg manglar vi positive signal for å løyse den frustrasjonen som er mellom norske politifolk når det gjeld løns- og arbeidstilhøve, seier leiar Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund.