Hopp til innhold

Politiet bryt mållova

Lovas lange arm i Sogn og Fjordane er sjølv lovbrytar. No krev Språkrådet "skjerpings".

Johan Brekke

Politimeister Johan Brekke konstaterer at Sogn og Fjordane politidistrikt bryt med staten sitt lovverk og reglar for tenestemål.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Politiet i Sogn og Fjordane skal bruke nynorsk, men både nettsider og brev er i stor grad skrive på bokmål.

- Eg tykkjer det er oppsiktsvekkjande. Regelverket i staten er sjølvsagt heilt vassklart, og politistyresmaktene i Sogn og Fjordane skal bruke nynorsk. Punktum, seier direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet.

Bryt lovverket

Lomheim

Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Lomheim er ikkje i tvil om at politiet i ei årrekkje har brote mållova. Sidan politidistriktet er eit regionalt statsorgan med nynorsk som tenestemål, skal det nyttast nynorsk.

- Politiet bryt staten sitt lovverk og reglar. Det bør ikkje politiet gjere. Då seier eg det sakleg, seier Lomheim.

Legg seg flat

Politimeister Johan Brekke tek sjølvkritikk og lovar intern gjennomgang, og eventuell opplæring, om dialektbruken.

- Det er berre å legge seg flat. Politidistriktet er eit politidistrikt der vi skal bruke nynorsk, og det har vi tydelegvis ikkje vore gode nok til, seier han.

- Politiet skal passe på at andre følgjer lovar og reglar. No bryt de desse sjølv. Opplever du dette som pinleg?

- Ja, det er klart at det er ikkje slik det bør vere.