Hopp til innhold

- Pass deg for farleg bakterie

Det eine av dei seks borna som fekk akutt nyresvikt kjem frå Bremanger. No ber legen folk i kommunen om å vere forsiktige med kva dei et og drikke.

Firdaposten skriv at den seks år gamle guten frå Bremanger vart smitta i slutten av januar.

Han vart innlagt på Førde sentralsjukehus med sterke magesmerter og diaré. Seninare vart han overført til  Haukeland universitetssjukehus der han vart behandla for nyresvikt. Guten er utanfor fare og på betringens veg. Men fleire av dei andre borna som vart smitta av den hittil ukjende bakterien har fått varige nyreskader.

Både Folkehelseinstituttet og Mattilsynet jobbar no på spreng med å finne maten som inneheld den farlege bakterien. Truleg er det snakk om ein e.coli-bakterie.

- Styr unna storfekjøt og mjølkeprodukt

No ber smittevernlege i Bremanger, E. Ravikumar,  folk om å vere ekstra forsiktige med kva dei et.

- Vi trur smittekjelda som har gjort ungane sjuke anten finst i storfekjøt eller i eit mjølkeprodukt, seier han til Firdaposten.

- Kok vatnet

Han oppmodar spesielt folk i Rugsund, Leirgulen og Kolset om å overhalde pålegget om å koke drikkevatnet.

- Folk bør også styre unna storfekjøt, både ferskt og frose, og mjølkeprodukt med lang haldbarheit inntil smittekjelda er kjend, seier Ravikumar.

Sidan bakterien har råka fleire stader over heile Sør-Norge meiner legen det er viktig for alle å vere påpasselege. Foreldre med ungar som får magesmerter, blodig diraé, feber og krampe bør ta kontakt med lege, oppmodar Ravikumar.