NRK Meny
Normal

- Paris er heilt stille i dag

Birgitta Ralston er lukkeleg for at dei gjorde om på gårsdagens middagsplanar i Paris. Elles kunne ho og kjærasten raskt vore tett på terroråtaket.

Birgitta ralston på fortauskafe i Paris

STILLE: I dag er det stille i Paris, fortel Birgitta Ralston. Biletet er teke på ein av dei tradisjonelle fortauskafeane i byen berre timar før terroren i Paris var eit faktum.

Foto: Birgitta Ralston

– Eg er ikkje redd. For eg trur sjansen for at noko skjer i dag er liten, men eg blir rørt når eg tenkjer på kor nært det var. At det kunne vore meg, seier Birgitta Ralston frå Fjaler.

Alexandre Bau og Birgitta Ralston

RÅKA: Alexandre Bau og Birgitta Ralston var i Paris då terroren råka. Dei er ikkje redde etter hendinga. (Arkivfoto)

Foto: Johan Moen / NRK

Terroren i Paris har teke livet av minst 120 personar. Angrepet starta med skyting ved ein restaurant og bar, før terroristane seinare gjekk til angrep fleire stader i byen.

Ralston er saman med sin franske partnar, Alexandre Bau, i Paris for å sette opp ei utstilling om integrering. Dei er ofte i byen, og tek meir enn gjerne del i den parisiske livsstilen og kvardagen med å nyte ein kaffi eller aperitiff på ein av dei mange fortauskafeane. Men i går ville tilfeldigheitene det annleis, og det er Ralston glad for i dag.

Alvoret pregar byen

– På ettermiddagen tok eg drosje gjennom området der terroren råka, og vi snakka om å gå på restaurant i området der det hende, men bestemte oss for ein stad nærare leilegheita, fortel ho.

Partnaren Alexandre Bau kom med fly frå Noreg seint fredag kveld, og var på flytoget då meldinga om terroren tikka inn. Ho frykta at han skulle hamne midt i terroren, men han vart som alle andre losa heimover.

Ho skildrar eit Paris som er sterkt prega av terroren. Dei bur i Montmartre, like ved
Sacré-Cœur, ein av byens mest besøkte turiststader. Dagens vakre haustdag liknar på ingen måte andre dagar.

– Det er veldig stille, og ei alvorskjensle. Vi har framleis ikkje vore ute av leilegheita sidan det skjedde. Det pleier å vere masse folk som går opp og ned trappene til kyrkja, men i dag er det ingen ting. Berre stille.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser