Hopp til innhold

- Paradoks frå regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten held fast på at familien Hatefmokthari frå Sogndal må ut av landet.

Mojgan Arjang og Mahmoud Hatefmoktari.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Familien har anka avslaget på opphald frå tingretten, og advokaten til familien, Laila Kjærevik, meiner svaret frå regjeringsadvokaten er eit paradoks, når den same regjeringa no vil mjuke opp regelverket for born som har vore lengre enn tre år i landet.

 

Uvisse i lang tid

I fire og eit halvt år har den iranske flyktningefamilien i Sogndal levd i uvisse om framtida si. Familien på fire har to gutar på 10 og 12 år som snakkar og skriv norsk, og som går på skule i Sogndal. I lys av at regjeringa no seier dei vil mjuke opp regelverket for born som har vore i landet lengre enn tre år hadde dei håpa på eit meir positivt svar frå regjeringsadvokaten. På den andre sida er Kjærevik heller ikkje overraska. Ho seier at dette betyr at saka går som planglagt i lagmannsretten.

- I strid med barnekonvensjonen

-  Vi meiner jo at dommen er feil på visse punkt. Det vi har anka på er at borna har opparbeidd ein tilknyting til Sogndal og Noreg. Den tilknytinga er no fire og eit halvt år, og vi meiner dette er i strid med barnekonvensjonen om at omsynet til born skal telje sterkt når ein vurderer slike saker.

Håpar på Utlendingsnemnda

Men etter at Regjeringa i førre veke signaliserte oppmjuking av reglane for born har Kjærevik søkt utlendingsnemnda om at familien Hatefmoktari skal bli omfatta av dei nye reglane, trass i at dei alt har fått avslag. Blir dei det, kan ankesaka trekkast frå rettssystemet.

- Vi håpar at denne søknadnen om omgjering av vedtaket blir teke til fylgje av Utlendingsnemnda og at familien får opphaldsløyve i tråd med det..