Hopp til innhold

- Paradoks at kommunane er mindre positive til språkpraksis for flyktningar

GAUPNE (NRK): Målet til Avery Dennison NTP er å ha to flyktningar i språkpraksis vil ei kvar tid. NAV-direktøren meiner kommunane må følgje same eksempel.

Tore Thorsnes, NAV

SKILNAD: – I Luster ser vi at kommunen og det offentlege stiller opp og er veldig gode på denne type tilbod, seier NAV-direktør Tore Thorsnes. I andre kommunar og verksemder er det ikkje alltid like lett å få dei til å opne opp døra for flyktningar som treng praksis.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi må få flyktningane i jobb, for vi har bruk for innbyggjarar og arbeidskraft. Det er viktig å ta i bruk så raskt som mogleg, seier NAV-direktør Tore Thorsnes.

Ved Avery Dennison NTP i Luster har ein sett seg som mål at det til ei kvar tid skal vere minst to flyktningar i språkpraksis. Dei har delteke i prosjektet sidan 2012. I språkpraksisen kombinerer flyktningane skulegang og arbeid, for erfaring har synt at utelukkande språkopplæring i klasserommet ikkje er nøkkelen til suksess.

Får brukt språket i kvardagen

– Det er ein god arbeidsplass, og eg blir kjent med folk frå Norge og får snakke norsk. Dei hjelper meg om eg snakkar feil, så fortel dei meg kva som er riktig og ikkje, seier Yosef Ghebremedhin.

Han er ein av dei seks som verksemda i Gaupne no har inne i praksis. I seks månadar har han arbeidd ved verksemda som mellom anna trykkjer merker på klede, som til dømes draktene til Barcelona. NAV-direktøren syns fleire verksemder, og då spesielt kommunane burde tilby det same.

Adis Cengic i Avery Dennison og Liv Endresen frå NAV er samde om at språkpraksis er bra.

POSITIVT: – Det er flott at dei tek inn så mange, seier Liv Endresen, miljøterapeut i flyktningtenesta i NAV. Fabrikksjef ved Avery Dennison NTP, Adis Cengic, seier flyktningane som er i praksis hjå dei er med på å utvikle verksemda vidare.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu

– Gjennomgåande vil eg seie at ein er langt meir positiv i det private næringslivet enn i kommunane. Det er eit paradoks, når ein veit at manglande jobbtilbod til flyktningar fører til auka utgifter til kommunane. Utan inntektsgjevande arbeid er sjansen også større for at dei flyttar vidare, seier Thorsnes.

Har utelukkande god erfaring

NAV-direktøren peikar på at manglande språk er det som held mange ute av arbeidslivet, og syner også til at det er to til fire gonger så mange arbeidsledige flyktningar som gjennomsnittet i Sogn og Fjordane. I Gaupne er dei ikkje i tvil om at flyktningane som kjem til dei er ein ressurs.

– Vi har utelukkande positiv erfaring. Vi har tilsett fleire i faste stillingar, for det er flinke folk som gjer ein god jobb. Mangfald er veldig viktig i eit selskap. Og ettersom verksemda veks, så ser vi at mangfaldet hjelper oss i riktig retning, seier Adis Cengic.

At det kan by på utfordringar meiner fabrikksjefen ein berre må vere budde på.

– Ein må legge til rette og legge ned ein innsats. Det ein legg ned får ein også tilbake, understrekar han.