Moloen på Utvær i Solund har hatt store skadar i snart to år utan at den er blitt reparert.
Kystverket som har bygt og eig moloen har fleire gonger vore varsla om skadane. Den einaste fastbuande, John Arvid Utvær, seier at hamna kan verte stengd og sjøhusa raserte av bølgjene om moloen ikkje vert reparert.
Store steinblokker
Solund Fiskarlag ber no Kystverket snarleg om å ta ei vurdering av skadesituasjonen i den viktige hamna.
Det var i ein nordvestleg storstorm i mars 2004 moloen på Utvær fekk alvorlege skadar. Veldige steinblokker i botnen av den snart 90 år gamle moloen vart velta inn i vågen, og innløpet til den verutsette hamna har etter den tid stått i fare for å rase saman.