Hopp til innhold

- Overgrep mot Terra-folk

- Terra-kommunane har gjort seg skuldige i det eg vil kalle alvorlege overgrep mot einskildpersonar og Terragruppen, hevdar Egon Moen.

Egon Moen

Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis.

Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis.

Moen var tidlegare styremedlem i Terra Securities. Han er administrerande banksjef i Indre Sogn Sparebank.

– No har konkursbuet etter Terra Securities og dei impliserte kommunane gått til sak mot Citigroup. Der heiter det at korkje Terra Securities eller kommunane kan lastast for det som skjedde.

– Alvorlege overgrep

– Dersom denne konklusjonen er rett, så har kommunane gjort seg skuldige i alvorlege overgrep mot Terragruppen og einskildpersonar. Mellom anna vart det prøvd å ta arrest i det meklarane eigde, seier Egon Moen til Sogn Avis .

– Må lære folkeskikk

– Eg er oppteken av at politikarane, kommunane og andre må lære seg vanleg folkeskikk. Det har dei ikkje utvist i denne saka.

Ordførar Marta Finden Halset i Vik vil ikkje kommentere utsegnene til Moen.