Forfattaren gjev eit feil bilete av vestlendingen i si siste bok, og burde ikkje fått fylkeskulturprisen for god skildring av det vestnorske folkelynnet i denne boka, meiner Thue.
Thue preiserer at han meiner Norvald Tveit er ein verdig vinnar av prisen, men at han ikkje burde fått han for denne boka.
- Eg meiner at Tveit i "Ein vestnorsk stat" framstiller det vestnorske bygdesamfunnet på ein måte som ikkje er sann.
Han reagerer på at fylkeskulturutvalet har gjeve han fylkeskulturprisen på grunnlag av denne boka.
– Flau smak i munnen
Johs. B. Thue reagerer på Tveit si framstilling av vestlendingen, spesielt i den siste boka " Ein vestnorsk stat". I ein kommentar i Sogn Avis skriv Thue at han får ein flau smak i munnen når han les boka, spesielt i forhold til Tveit sitt kvinnesyn.
– Eg kjenner ingen nolevande forfattar som osar slik av kvinneforakt som Norvald Tveit. Kvinnene vert framstilte som umælande dyr, og eg synest han går såpass over streken at det ikkje blir morosamt ein gong, seier Thue.
-Ikkje personlege meiningar
Forfattaren sjølv meiner han skildrar mangfaldet i det vestnorske folkelynnet på ein god måte, og at ikkje alle meiningar kan tilleggast han personleg.
– Det er eit spørsmål om kven som fortel dette. Dette er ikkje generelt min måte å skildre damer på, seier Tveit.
Les om Norvald Tveit i Fylkesleksikon.