Hopp til innhold

- Ørjan må halde fram med å jobbe

Harald Aabrekk var langt frå den einaste som lot seg imponere av Ørjan Hopen under søndagens viktige tomålssiger mot Start.

Ørjan Hopen og Harald Aabrekk

FORTENT: Ørjan Hopen fekk ein god klem frå trenar Harald Aabrekk etter tomålssigeren i botnkampen mot Start.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogndalstrenaren gav tomålsscoraren ein god klem etter kampen. Sogndalekspert Jon Navarsete meiner det var vel fortent.

– Heilt klart. Eg trur det var mange på tribunen som kunne tenkt seg å hoppa ned og gitt han ein klem etter at han sette inn den andre scoringa, fortel han.

Viktig for Sogndal

Hopen avgjorde oppgjeret med to langskot. Det første etter kring halvtimen med eit frispark frå 20 meter. Det siste på overtid med eit knallhardt skot frå 25 meter.

Jon Navarsete

IMPONERT: Jon Navarsete har sjølv 70 kampar for Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Måla sende Start eit steg nærare 1. divisjon, og gav heimelaget eit pusterom i nedrykksstriden.

– Det var moro for Ørjan, og utruleg viktig for Sogndal at ein av våre eigne står fram som han har gjort no, meiner Navarsete som spesielt vart imponert over måten 19-åringen tok seg av pasningen frå Mats Solheim på det siste målet.

– Det er ikkje så lett reint teknisk å utføre det han gjorde der. Ballen kjem inn frå høgre og han skyt med venstre. Det er mange som kunne prøvd, men dei fleste hadde bomma grovt, seier han.

Sikra fem poeng

Hopen fekk sin første eliteseriekamp frå start i heimekampen mot Haugesund. Sidan har han vore fast inventar på midtbaneleddet til Sogndal.

19-åringen sine fire scoringar i år har sikra Sogndal fem poeng. Først eitt poeng borte mot Start og Vålerenga, så tre poeng mot Start på heimebane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen har gitt Sogndal 1-0 over Start.

MÅL: Start-keeper Alexander Lund Hansen (t.v.) fortvilar, medan heimelaget jublar etter den første scoringa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal har fire poeng ned til Sarpsborg 08 under streken. Start er førebels sist med seks poeng mindre enn Sogndal sine 20 poeng.

– Ørjan har slite eit par sesongar med å ta steget, men slik er det. Nokre treng litt ekstra tid. Det viktigaste er at dei får tatt ut potensialet dei har. Om det skjer når dei er 18, 19 eller 20 år, er ikkje så farleg, seier Navarsete.

– Hopen er Hopen

Trenar Harald Aabrekk meiner Hopen har eit potensielt levebrød i venstrefoten.

– Han kan utvikle skotfoten til å bli ei skikkeleg kanon. Eg plar seie, Hopen er Hopen. Den venstrefoten til Hopen-karane har Sogndal nytt godt av før, held Navarsete fram og viser til både Steinar og Arild Hopen.

Førstnemnde scora 34 mål på 109 kampar for Sogndal, medan Arild Hopen står bokført med tre mål på 109 kampar. Sistnemnde er elles far til 19-åringen.

Trygge hender

Navarsete meiner den unge midtbanespelaren kan bli ein stor trussel på både frispark og hjørnespark.

– Det er viktig å halde fram, trene og gjere det betre. Dette veit han sjølv og Harald veit det. Og Ørjan er i trygge hender, meiner han.