- Ørjan er snart tippeligatrenar

Ørjan Christiansen (34) frå Sogndal får ein stor del av æra for at Kvik Halden gjer det godt i fotball. Denne veka slo laget ut Fredrikstad i cupen.

Ørjan Christiansen

VIL BLI TOPPTRENAR: Ørjan Christiansen leia Kvik Halden til ein cupsensasjon, og han vil bli trenar på høgast mogeleg nivå.

Foto: Petter Jacobsen, kvikhalden.no

Alte Wester Larsen er sportsleiar i Halden Arbeiderblad og fylgjer Kvik Halden tett. Han er ikkje i tvil om at sogndølen har mykje av æra.

– Ørjan Christiansen har ein vanvittig sterk posisjon i laget og nyt stor respekt for det arbeidet han legg ned. Han er veldig dyktig, og spelarane er glade i han både som person og trenar.

Kvik Halden spelar i 2. divisjon, der dei ligg på tredjeplass i si avdeling etter fire kampar, og onsdag vart storebror i Østfold-fotballen, Fredrikstad FK, feia ut av cupen.

– Blir tippeligatrenar

Ørjan Christiansen har vore trenar i Kvik Halden sidan 2008, frå 2009 har han hatt ansvaret åleine. Atle Wester Larsen trur sogndølen er moden for større oppgåver.

– Eg trur han kjem til å bli trenar i ein tippeligaklubb. Han har teke trenarutdanning og er no topp utdanna. Han har dei eigenskapene som skal til. Mellom anna er han flink med enkeltindivid i eit kollektiv.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ørjan Christiansen på Kvik Halden-FFK

DRESSA SEG OPP: For første gong i dress på kamp. Ørjan Christiansen dirigerer troppene sine mot FFK.

Foto: Petter Jacobsen, kvikhalden.no

50 kampar for Sogndal

Ørjan Christiansen var i si tid lovande som spelar, og han var i A-stallen til Sogndal i tre sesongar frå 1997 til 2000, han fekk med seg 50 A-kampar og skåra tre mål. I 2000 gjekk han til Fredrikstad FK, men det vart eit kort opphald.

– Det var mykje turbulens omkring kontrakten, og året etter gjekk eg til Kvik Halden. Der spela eg i tre år, før eg var tre sesongar i Sarpsborg. I 2007 var eg tilbake i Kvik Halden, men måtte gje meg som spelar etter den sesongen på grunn av problem med lysken.

Ørjan Christiansen

AMBISJONAR: Ørjan Christiansen trivst som fotballtrenar og vil gjerne trene topplag.

Foto: Halden Arbeiderblad

Det var i 2007 han tok til å utdanne seg som trenar, og i 2008 vart han trenar for Kvik Halden saman med Christer Arnesen. Frå 2009 har han hatt ansvaret åleine. Og parallelt med arbeidet har han teke trenarutdanning, slik at han no har den nest høgaste fotballtrenarutdanninga ein kan få i Norge.

Kvik Halden rykte opp frå 3. til 2. divisjon i 2010, og Christiansen har ambisjonar om å få laget endå eit hakk opp.

Cuptriumf i 34-årspresang

Cuptriumfen over Fredrikstad kom på 34-årsdagen hans, og han ser på det som den beste bursdagspresangen han kunne ha fått.

– Alle ære til spelarane som stod på, og det var ein veldig fortent siger, det var utruleg kjekt. Det var veslebror mot storebror, men akkurat føre denne kampen hadde eg god tru på at vi skulle slå Fredrikstad, og det slo til.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kvik Halden-jubel etter cuptriumf

SLO STOREBROR: Kvik Halden-spelarane jublar hemningslaust etter å ha vunne cupdramaet mot Fredrikstad.

Foto: Petter Jacobsen, kvikhalden.no

Men cupen er ikkje det viktigaste for Ørjan Christiansen og Kvik Halden. No er jobben hans å få spelarane til å fokusere på seriekampane.

– No har vi oppnådd målsettinga vår med cupen, det var å slå ut eit attraktivt lag, og for oss er det ikkje noko meir attraktivt lag å slå ut enn Fredrikstad. Det som kjem får kome, men eg seier ikkje nei takk til Vålerenga på heimebane i tredje runde.

– Cuptriumfen gir oss ekstra sjølvtillit. Vi har ein viktig kamp bort mot Mo i Rana søndag. No må vi konsentrere oss om den. Vi har som mål om å vere blant dei tre beste laga, vi vart nummer fem i fjor og ynskjer å ta eit nytt steg i år. Det er potensial i spelargruppa og i klubben til å vere 1. divisjonslag, men det er ikkje slik at opprykket må skje i år.

Knut Christiansen

FAREN VAR CUPHELT: Knut Christiansen.

Son til cuphelt frå 1976

Ørjan Christiansen er son til ein av cupheltane til Sogndal frå 1976. Knut Christiansen fekk æra av å sette inn målet på Ullevaal i kampen som Brann vann 2-1. Og akkurat det var og i tankane til sonen etter hans eigen cuptriumf på bursdagen.

– Eg snakka med pappa etter kampen. Han hadde fått meldingar både frå kjende og ukjende etter det som skjedde i Halden. Vi har tradisjonar å ta vare på der, og pappa lever godt på denne scoringa si frå 1976 enno og er veldig stolt av det, sjølv om eg heile tida har sagt at det målet var ein gigantisk keepertabbe.

Dette får pappa Knut Christiansen til å le rått.

– Ja, det seier vel han.

– Har imponert meg

Men Knut er svært stolt over det sonen har fått til som fotballtrenar.

– Eg har fylgt godt med heile tida, Ørjan har beina trygt planta på jorda, eg var litt spent onsdag kveld då han skulle på tv, men det takla han godt. Han er ein veldig fornuftig trenar. Han har fått fram eit hardt arbeidande og godt lag med mange interessante spelarar.

– Guten har imponert meg, sjølv om eg synest han gav seg vel tidleg som spelar. Og det som kanskje er mest imponerande er at han heilt til i år har hatt jobb ved sidan av å vere trenar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Sogndal på Ullevaal i 1976

FAREN PÅ ULLEVAAL: Knut Christiansen heilt til venstre i fremste rekkje før kampen mot Brann i 1976.

Har ambisjonar

Sjølv trivst Ørjan Christiansen godt i Halden.

– Det er ein sommarby, ei skikkeleg perle. Mange snakkar om Sørlandet, men ta ein tur til Halden om sommaren, det er ein fantastisk by.

– Det ser ut til at du har fått ein veldig høg status som fotballtrenar i Halden, og den vart vel ikkje mindre etter cuptriumfen?

– Uansett er det ikkje eg som er viktig i den store samanhengen, det var viktig for oss å få ei god oppleving, og for klubben var inntektene kjærkomne etter raude tal i fjor. For spelarane med jobb og studie på si var det og viktig å få litt betalt for den innsatsen dei har lagt ned.

Sjølv likar han veldig godt livet som fotballtrenar, og han legg ikkje skjul på at han har ambisjonar.

– Eg ynskjer å vere trenar på høgast mogeleg nivå, men eg har ikkje nokon hast med å bli tippeligatrenar, eg er innstilt på å ta steg for steg.

Ørjan Christiansen

SOGNDØL MED SUKSESS: Ørjan Christiansen.

Foto: Odd Skjerdal/NRK