Han meinar bøndene og samfunnet er blitt førte bak lyset gjennom den landbrukspolitikken organisasjonane har støtta.
- Over 160.000 gardsbruk er lagde ned, og vi har flytta omlag ein million menneske. Og det er organisasjonane i jordbruket som har stått bak det som har skjedd, hevdar han.
Tett samarbeid med staten
Det er i boka avviklinga av den norske bonden at Bergo går til frontalangrep på bondeorganisasjonane. Som mangeårig medlem i Bondelaget og æresmedlem i Bonde og Småbrukarlaget har han sett utviklinga frå innsida. Slik han ser det har strukturendringane i landbruket vore mogleg fordi staten og organisasjonane har samarbeida tett. Dermed har organisasjonane ikkje kjempa for alle medlemane sine interesser, men tvert om aktivt støtta ein politikk som har medverka til at eit stort tal av dei har måtta gje opp.
- Det som var tanken bak det heile, var at når dei riktige strukturane i jordbruket var på plass, skulle det ikkje vere nødvendig med subsidiar i det heile teke. Men det har ikkje skjedd, seier Bergo.
11 milliardar i subsidie
I staden brukar samfunnet no 11 milliardar kroner i subsidiar. - Frå organisasjonane si side er dette eit grenselaust bedrag, seier han. Ifølgje Bergo er no 30.000 sysselsett i landbruket, og det er dyre arbeidsplassar.
Basert på denne utviklinga meinar han bondeorganisasjonane har ført samfunnet bak lyset. - Viss ein ser på vedtaka i Stortinget, spesielt i samband med inntektsopptrappinga, så er det understreka at det er nettopp utkantdistrikta og småbruka det skal takast omsyn til. Og det var det motsette som skjedde, seier Bergo.
- Kunne kjøpt få Sverige
Han meiner difor at Stortinget bør setje ned eit granskingsutval får å sjå nærare på den reelle nytten av landbruksoverføringane. - Det jordbruket vi vart ståande att med, har ikkje større verdi for matvaretryggleiken enn det vi kunne fått kjøpt frå Sverige, seier han.